02 jan 2014
januar 2, 2014

2013 – eit fantastisk år

0 Comment
Norges beste eplemost. Årets beste 2013 - Eplefest

Norges beste eplemost. Årets beste 2013 – Eplefest

Året 2013 har vært eit fantastisk år for Grønvik Gard og eplemosten. Eplemosten har selt veldig bra og allereide i april gjekk lageret tomt. Våren var kald men fin. Dette utsette fruktblomstringa med 2-3 veker men sommaren kom til slutt og me hadde mange fine og varme dagar. Den seine sommaren gjorde at med kom ikkje i gong med eplehaustinga før seint i august og den første eplemosten vart ikkje klar før langt ut i september. Men den fine sommaren gjorde at kvaliteten på frukta var veldig, veldig bra og avlingane store. Dette påverkar sjølvsagt eplemosten og den vart faktisk så god at den klarta heilt til topps i konkuransen om årets beste eplemost. Å få ein slik utmerkelse var stort, ein bekreftelse på at me gjer noko rett. Utmerkelsen inspirerar til å fortsetja produksjon av eplemost og til å prøva på nye smakar. 2014 vert eit spanande år og gjev oss nye moglegheiter. Me vil få takka alle som har fulgt oss i dette året og håpar at dykk er med oss inn i 2014. Takk for det gamla og rektig godt nytt år.