28 apr 2014
april 28, 2014

BLOMSTRING

0 Comment

Plommeblomstringa er på hell, mens morelleblomstringa er i full gang og epleblomstringa er heilt i starten. Eg tenkjer at i løpet av veka er epleblomstringa så vidt i gong. Med dette flotte fine veret er alle forustenader for gode avlingar til stades. Me har hatt eit fortryllande ver med mykje sol og gode temperaturar og heilt utan regn. Vidare framover er det no viktig å få gjødsla tilstrekkelig og passa på at trea har rikelig tilgang på vatn. Viktigheita med vatn vert ofte gløymd då ein trur at vatn er det nok av i jorda, men det kan verta for lite og med dagens tre der røtene er små og ikkje så vidt veksande er det viktig å gje trea rikelig tilgang på vatn. Har lyst å visa lit av blomstringa her på Grønvik.DSC_0011 DSC_0008 Nyt blomstringa og fortsatt fin vår:-)