12 des 2013
desember 12, 2013

Dette er årets beste eplemost

0 Comment

Å kunna titulera seg med Norges beste eplemost er ei spesiell kjensle. At det er med Økologisk Karin Schneider gjer det endå meir spesielt. Eg kjenner meg både glad og stolt. Stolt over å ha laga ein eplemost som andre enn eg vurderer som den beste.

Det er no ei veke sidan eg via telefonen fekk gladmeldinga om at vår eplemost blant 47 konkurrentar var plukka ut som ein av tri finalistar i kåringa av Noregs beste eplemost 2013. Berre det å verta plassert blant topp tri i konkurranse med så mange andre produsentar var kjempestas og ein seier i seg sjølv. I tillegg innebar nomineringa at eg kunne ta turen til Oslo og presentera Grønvik Gard og eplemosten vår under prisutdelinga. Måndag morgon var det derfor avgarde til hovudstaden og Det norske teater for å treffa dei andre nominerte for dela ut smaksprøvar og eplemostsnakk. I tillegg til eplemostkåringa var det òg kåring av beste kokebok. Det var dermed mykje folk og ståhei på utdelinga som var open for publikum.

Å stå oppe på podiet saman med Nordre Lindheim og Nyhus Gard var stort, og då landbruksminister Sylvi Listhaug ropte opp Grønvik Gard som vinnar med økologisk Karin Schneider var det mest ikkje til å tru. Det vart ikkje færre smaksprøvar å dela ut etter at førsteplassen var tildelt.

Å få ei slik utmerking har stor verdi. Det inneber ei anerkjenning av at andre tykkjer at me har eit framifrå produkt – faktisk like godt som me sjølv tykkjer. Det er noko å vera stolt over. I tillegg skapar medieomtalen rundt ei slik kåring merksemd rundt eplemost og reine naturprodukt på bordet, til gunst for både oss og andre som jobbar kvar dag for å ha eit best mogleg produkt i handelen.

Etter ein dag med mykje folk og mange inntrykk vart prisen feira i det stille på ein betre italiensk restaurant med storesystera mi Liv Torunn. For anledninga vart eplemosten erstatta med andre edle dråpar.

Ta turen innom nærbutikken for å sikra deg ei flaske eplemost til julemiddagen. Det passar han perfekt til!

-Elisabeth