19 apr 2013
april 19, 2013

Endeleg kom regnet

0 Comment

Regn. Tungt og grått, men likevel så flott. Denne veka kom endeleg regnet me lengta etter, alle som ein. For oss som driv i landbruket var dette heilt nødvendig. Graset, trea og ikkje minst jordbæra måtte nå få regn for og greia gi avling. Dei som ikkje har fått ut gjødsla, evt.kalken må nå få dette gjort. Det er viktig at næringa er tilgjengelig når røtene byrjar å livna til og skal ta til seg næring. Næringa er viktig for byggje opp knoppar og styrker blomane slik at dei gjev betre avling.

På Grønvik er me nesten ferdig med å beskjære trea, bare morelltrea som de ser på bilde står att. Det er fordi moreller ikkje skal beskjærast i regnvær. Dette kan medføre bakteriar og soppdanning i dei opne «såra» der ein klypper av greinene. Beskjær derfor alltid morelltrea når det er opphaldsvêr. Dette gjeld også tildels plommetrea, men desse er ikkje like ømfintlig som morelltrea. Dette var dagens tips. Gå ut i hagen nyt vær og vind, sol som regn og gled deg over at våren er like rundt hjørne. Ha ein strålande sundag!