04 des 2013
desember 4, 2013

Ferdig!

0 Comment

Me skriv 4. desember og er nettopp ferdig med ein long og god sesong med pressing av eple. Me har hatt fantastisk kvalitet på epla denne hausten, noko som har gitt eplemosten ein nydelig farge og ein særskild frisk, god eplesmak. I løpet av denne hausten har 45 tonn eple gått gjennom pressa. Det er ei bra auke frå i fjor og inneber at me kan freista endå fleire med eplemost i glaset i år. No gjenstår jobben med å selja den nypressa eplemosten.

På sals-fronten melder Coop om bra sal som alltid, og restaurantane i Stavanger det same. Me har og fått inn som ny kunde Scandic Stavanger Forus hotell. Dei ønskjer å by sine konferansegjester på sunn og energirik mat og drikke basert på lokale råvarer. Dette er stikkord me godt kan kjenna oss att i, og me er sjølvsagt både glade og stolte for at dei har valt oss som leverandør.