Grønvik Eplemost

Grønvik  Eplemost

Eplemost frå Grønvik er 100% naturleg – og full av smak

Eplemost frå Grønvik er laga av meir enn gode råvarer. Erfaring og kunnskap frå fleire generasjonar er òg ein del av oppskrifta på det som kanskje er verdas beste tørste- og festdrykk: Grønvik Eplemost.
Dei første epletrea vart planta av ein husmann på 1800-talet, og ved inngangen til1900-talet vart fruktdyrkinga sett i system av oldefaren til dei som dyrkar frukt her i dag.
Her i Ryfylke har vi altså lange tradisjonar for å dyrka frukt, og beviset på dette finn du i denne kartongen.

 

 

 

Eple vi dyrkar


Ein engelsk sort som er svært aromatisk og har god søtleik. Eignar seg som kosedrykk eller til dessertar og kaker.
Er fyldig og har frisk søtleik med god syre og ein svært karakteristisk aroma med lang ettersmak. Gravenstein har eit stort bruksspekter og går godt til både kjøt og fisk. Eplesorten kom frå Danmark (Gråstein slott) til Hardanger i 1792 og vart hovudsort i Hardanger og Noreg på 1900-talet.
Bankersen – ein som ikkje har fått eplemost før, likar denne. Smaken er middels fyldig og aromatisk med litt syrleg ettersmak. Har god balanse mellom syre/søtleik. Kan brukast til både kjøt- og fiskerettar.
Eplesorten kom frå Sverige i 1970. Er hovudsort i dag og ei krysning mellom Ingrid Marie og Filippa.
Den eplemosten som har minst syre av dei som er nemnde her. Er lett å drikka og smakar litt søtt, men har ein syrleg ettersmak. Passar godt til litt lettare mat, t.d. smårettar og lunsj. Sorten er dansk.
o Har ein delikat, klår og fin farge. Fin søtleik og flott, høg syre, middels fyldig. Smakar av «sommar». Passar fint til skaldyr og eignar seg ypparleg som aperitiff.
Eplesorten kom frå Canada i byrjinga av 1980-åra. Epla er middels store, mørkeraude og har avlang form.