Dette er ein spanande dag for Grønvik Eplemost!
Grønvik Eplemost sin most av økologisk Karin Schneider er nominert til Norges beste eplemost 2013 og i dag går turen til Oslo for å delta på offentliggjerding av resultata og prisutdeling.

Kåringa blir gjort av Norsk Eplefest i samarbeid med Apéritif. Mostane skal vera pressa av ferske norske eple, utan nokon form for tilsetjingsstoff og utan filtrering, men pastaurisert. Mosten må var pressa i 2013. Eplemosten til Grønvik Eplemost er ein av tri finalistar som er nominert i kategorien reine moster.
Kåringa skjer på åpent publikumsarrangement på Det Norske Teater i Oslo i dag fra klokka 16-19. Det er kjempekjekt å bli nominert, men me ventar sjølvsagt spent på resultatet.