16 sep 2013
september 16, 2013

Ny nettside

0 Comment

Så vart me endeleg ferdig med den nya nettsida vår – og me er særs godt nøgd. Du vil heilt klart kjenna deg att på sida, men nokre forandringar er der jo. Målet vårt var å laga ei nettside som er lett å navigera på, samstundes som me ville gi betre og meir utfyllande informasjon om dei ulike produkta me har å by på.  Sist, men ikkje minst, så har me no fått nettbutikk! Her vil ein ut over hausten kunna kjøpa ulike sorter eplemost, både på flasker og i dunkar på 3 liter.  I tillegg til dette sel me fleire sesongbaserte produkt slik som heimelaga plommesyltetøy og etter kvart òg plommechutney og eplechutney.

Eplehaustinga er i full gong og me er snart klare for å setja i gong med pressing. Etterspurnaden er stor og lageret er snart tomt, så no skal det verkeleg verta godt å koma i gong og få by kundane på eplemost av haustfriske eple. Eplemost frå den fyrste produksjonen i år finn du i Coop sine butikkar allereie i neste veke. Me byrjar med 3 l bag-in-box og så kjem 0,7 l flasker og økologisk eplemost etter.

Her ser du Waldec og Lukasz i aksjon.  Kvart år kjem dei for å vera med å få frukta i hus – me kunne ikkje greidd oss utan!

Måtte det ble ein strålande haust for oss alle!

Dette er LukaszDette er WaldeckWaldeck

Dette er Lukasz og Waldeck.