09 mai 2013
mai 9, 2013

Våren er i anmarsj

0 Comment

Dei siste dagane med litt varme og sol har gjort godt i frukthagen. Epleblomen er i ferd med å opna seg og på plommetrea kan ein så vidt sjå det kvite i blomen. Me går inn i ei svært sårbar tid for frukttrea, og spesielt for epla som er særleg utsatt for skurvinfeskjon. I tida fram til kronbladfall (avblomstring) er det viktig å bekjempa skurven. Det er viktig å tenke forebyggjande og kurativt for å bekjempe denne mulige infiseringa. Det gjer ein ved å sprøyte med bakepulver etter regn, gjerne mens trea endå er våte,  og aller helst innan 24 timar. Dette er faktisk den viktigaste og kanskje den vanskeligaste jobben for alle som dyrkar eple, hobby- eller yrkesdyrkar. Velg derfor eplesortar med omhu, det finns fleire sortar som er ganske motstandsdyktige mot soppsjukdommar.  Sommerred er ikkje ein eplesort som egnar seg for hobbydyrking. Discovery, Aroma og tildesl Karin Schneider derimot er langt meir mostandsdyktige sortar.

Når det gjeld plommer er det mykje enklare. Lus kan vera eit problem, men her kan ein bruka grønsåpe blanda med soya- eller rapsolje. Midd kan også by på problem, men når ein ikkje brukar kjemiske sprøytemiddel har rovmidd goe vilkår for å etablera seg i hagen og dermed ordnar denne opp sjølv. Ellers kan rotning vera ei utfordring. Her kan ein diverre ikkje gjere anna enn å håpa på sol og fint ver 🙂 Viktigast av alt; øving gjer meister! Og om ein ikkje lukkast sjøl finns det mykje godt Norsk frukt å få kjøpt i butikken.