Om oss

Grønvik Gard er ein økologisk og prisvinnande fruktgard i det frodigaste av Ryfylke, i ei vestvendt og grønnkledd li ved den gnistrande Fisterfjorden i Hjelmeland. Garden vart godkjend som økologisk fruktgard i 2008. Overgangen var eit arbeidskrevende og ambisiøst val, men me hadde lyst til å prøva og sjå. Det var avgjerande at det i desse tider kom ein rekke nye eplesortar som me visste egna seg for økologisk dyrkning, samt at me var sikre på å inneha kunnskapen om korleis å dyrka så gode og økologiske epler som mogleg.

Å gå over til å driva økologiske har vore eit viktig val for oss. Det er fordi me har eit brennande ynskje om å tilby folket ein hundre prosent reinpressa, frisk og naturleg eplemost, alltid utan tilsetjing av noko slag.

Kontakt oss

  • Grønvik, 4139 Fister

Omvising og smaksprøvar

Grønvik Gard tek imot grupper på min. 10 personar for omvising på garden og smaksprøvar på dei ulike produkta.

Kr. 150,– per person (min. 10 personar)

Ta kontakt for bestilling og meir informasjon.

Båtforbindelse

Det er mulig å ta rutebåt fra Stavanger til Grønvik Hurtigbåtkai og tar ca 1 time. Sjå kolumbus sine sider for avgangstider og mer informasjon.

Grønvik, 4139 Fister