Eplemost frå Grønvik er 100% naturleg – og full av smak
Eplemost frå Grønvik er laga av meir enn berre gode råvarer. Dei er òg eit resultat av erfaring og kunnskap ført gjennom fleire generasjonar. Me er derfor stolte av å ha ei oppskrift på vår eplemost som ikkje kan kjøpast, men som det tvert imot krevst fleire tiår med lojalitet, arbeid og lidenskap for å kunne skapa.
Dei første epletrea våre vart planta av ein husmann på 1800-talet. Sidan byrjinga på 1900-talet har fruktdyrkinga vart satt i system av oldefaren til me som i dag dyrkar fram frukt på Grønvik Gard.
Resultatet av våre tradisjonar i Ryfylke-vika finn ein til sals i form av ein heil rekkje forskjellige smakar i menyen under. Her er du fri til å velja den som måtte passa din smak best.
EPLEMOST sorter
Gravenstein
Sidan denne eplesorten fyrst kryssa landegrensa frå Danmark til Hardanger tilbake i 1792, har Gravenstein etablert seg som ein av hovudsortane i Noreg. Kvifor? Fordi den har eit så mangfoldig bruksspekter. Den friske og fyldige smaka av eplesyre og aroma, med sin karakteristiske ettersmak, gjer seg nemleg godt saman med både kjøt, fisk og enda meir. Derfor er den òg ein vinnar for mange vante drikkerar av eplemost.
Sommerred
Når den delikate og klåre fargen kombinerast med den søte og fyldige eplesmaka kjem fort kjensla av sommar krypande. Kanskje er det derfor den vart vinnar av Det Norske Måltid i 2016. Sommerred passar glimrande til skalldyr, eller som ein nydeleg aperitiff i forkant av ein god middag. Den mørkeraude eplesorten kom til Noreg frå Canada på 80-talet og kjennetegnas av å vera middels store og avlange i forma.
Økologisk
Aroma
Denne er bankers, og det riktige valet for dei som ikkje har fått eplemost før. Dei vil garantert setta pris på denne middels fyldige og svært aromatiske varianten, kor søtleiken nøysamt og harmonisk balanserast med ein syrleg ettersmak. Denne kan brukast til både kjøt- og fiskerettar. Eplesorten er ei krysning av Ingrid Maria og Filippa og kom frå Sverige på 70-talet.
Discovery
Ein engelsk eplesort kjend for å vera svært aromatisk og med utprega søtleik. Denne egnar seg best til dessertar og kaker, eller rett og slett berre som ei herleg kosedrikk. Kanskje aller helst om sommaren? Det er iallfall då me syns den passar best, med si sommarlege duft, lyse ferskenfarge og smakfulle fruktkarakter.
Karin Schneider
Denne eplemosten kjenneteiknast av å ha lite syre og ein flørtande søtleik. Dens varsomme og trippande smak er enkel å fordøya og gjer seg godt saman med lettbeinte smårettar og lunsj. Til tross for å vera av den lettare sorten er den likevel forrykande saftig.
Rubinstep
Den tsjekkiske eplesorten er både fin å smaka på og sjå på når den heng frå trea. Kanskje aller best er den likevel gjort flytande på flaske – då smakar den lite syrlig, meget rund og med eit karakteristisk, delikat eplepreg.
Santana
Dette er ein ny eplesort som er meget godt egna til økologisk dyrkning. Santana er eit hausteple som veks på smak utover haust og vinter. På sitt besta blir resultatet ein særegen eplemost med ein herleg intens eplesmak. Passar seg best som tørste- og kosedrikk.
Andre produkter
Cavalier
Tenkt som ein finjustert smakstilsetjing i mat er Cavalier et produkt av sterk og tydelig eplesmak. Prøv denne i til dømes saus eller salatdressing, eller saman med både fisk og kjøt for den saks skyld. I hovedgrunn er òg dette ein eplemost, men veldig redusert og dermed konsentrert i smaka.
Eplegløgg
Denne er tilsatt kanel, stjerneanis og nellik, så det er ikkje vanskeleg å forstå kor denne gjer frå seg sitt fulle potensial. Det er selvfølgelig framføre ein brennande peis ein kald julekveld, gjerne med ei skive appelsin oppi for å toppa det heile. Den gjer seg imidlertid godt i andre samanhengar òg.