Preike­stolen

Retta mot utanlandske ganar, er dette ein eplemost som kan varta eit flott og smakseventyrleg minne for turistane. Den er laga av eit eple utan mykje syre, og er slik rund i smaka med finbalansert søtleik.

Eple og bringe­bær

I denne eplemosten kan ein meir enn berre ane smaka av bringebær. Saman samarbeidar eple og bringebæret om å gje ein godt tospalta smak av syre og sødme som forfriskar livet i kva augeblikk som helst. Dette er ein av våre favorittar.

Eple­most

Som ein blanding av fleire eplesorter gjer denne frå seg ein rik og fleirtydig smak. Eplemosten er gyllen i farge og med ei forfriskande duft som likesom siv ut av flaska når ein fyrst tar seg den frihet å opna den leskande drikka.

Blå­bær

Innimellom den friske og lite syrlege eplesmaka kan ein med denne eplemosten kjenna smaka av deilige, skogsplukka blåbær. Denne er god som tørstedrikk, men òg som eit næringsrikt påfyll av energi etter ei hard treningsøkt.

Inge­fær og sitron

Dette er ingen ingefærshot, men snarare ei harmonisk balansert drikkevare laga av eple, ingefær og sitron. Denne gjer seg ypperleg som tørstedrikk, eller til eit særskilt og livsnytande augeblikk på terassen ein varm sommardag.

Idun

Denne eplesorten er gjerne gulgrøn i fargen med spekk og striper av raudt, mens eplemosten i flaska blir sjåenes ut som både lysande gul og solfrisk. Smaken gir frå seg ein sterk eplekarakter som er både fyldig og fruktig. Den passar til alle anledningar.

Sommer­red

Når den delikate og klåre fargen kombinerast med den søte og fyldige eplesmaka kjem fort kjensla av sommar krypande. Kanskje er det derfor den vart vinnar av Det Norske Måltid i 2016. Sommerred passar glimrande til skalldyr, eller som ein nydeleg aperitiff i forkant av ein god middag. Den mørkeraude eplesorten kom til Noreg frå Canada på 80-talet og kjennetegnas av å vera middels store og avlange i forma.

Graven­stein

Sidan denne eplesorten fyrst kryssa landegrensa frå Danmark til Hardanger tilbake i 1792, har Gravenstein etablert seg som ein av hovudsortane i Noreg. Kvifor? Fordi den har eit så mangfoldig bruksspekter. Den friske og fyldige smaka av eplesyre og aroma, med sin karakteristiske ettersmak, gjer seg nemleg godt saman med både kjøt, fisk og enda meir. Derfor er den òg ein vinnar for mange vante drikkerar av eplemost.