Rubin­step

Den tsjekkiske eplesorten er både fin å smaka på og sjå på når den heng frå trea. Kanskje aller best er den likevel gjort flytande på flaske – då smakar den lite syrlig, meget rund og med eit karakteristisk, delikat eplepreg.

Sant­ana

Dette er ein ny eplesort som er meget godt egna til økologisk dyrkning. Santana er eit hausteple som veks på smak utover haust og vinter. På sitt besta blir resultatet ein særegen eplemost med ein herleg intens eplesmak. Passar seg best som tørste- og kosedrikk.

Karin Schneider

Denne eplemosten kjenneteiknast av å ha lite syre og ein flørtande søtleik. Dens varsomme og trippande smak er enkel å fordøya og gjer seg godt saman med lettbeinte smårettar og lunsj. Til tross for å vera av den lettare sorten er den likevel forrykande saftig.

Aroma

Denne er bankers, og det riktige valet for dei som ikkje har fått eplemost før. Dei vil garantert setta pris på denne middels fyldige og svært aromatiske varianten, kor søtleiken nøysamt og harmonisk balanserast med ein syrleg ettersmak. Denne kan brukast til både kjøt- og fiskerettar. Eplesorten er ei krysning av Ingrid Maria og Filippa og kom frå Sverige på 70-talet.

Disco­very

Ein engelsk eplesort kjend for å vera svært aromatisk og med utprega søtleik. Denne egnar seg best til dessertar og kaker, eller rett og slett berre som ei herleg kosedrikk. Kanskje aller helst om sommaren? Det er iallfall då me syns den passar best, med si sommarlege duft, lyse ferskenfarge og smakfulle fruktkarakter.